Helse- og sosialpolitikk

Sjukehusreforma av 2002  

Mange års røynsle viser at sjukehusreformen av 2002 er feilslått.
Det resultatorienterte økonomi- og budsjetteringssystemet som vart innført i samband med sjukehusreformen av 2002, har skapt store underskot i bokføringa. Ein sideeffekt er at viktige sjukehusfunksjonar ved lokalsjukehusa over heile landet har vorte lagde ned. Kystpartiet vil gjeninnføra den ordinære offentlege økonomistyringa.

 

Tennene er ein del av kroppen

Kystpartiet vil at utgiftene til naudsynt tannhandsaming skal dekkast av det offentlege. Slik det også er i mange andre vestlege land.

Trygdesatsane må vera i samsvar med satsane for alminneleg livsopphald. Kystpartiet meinar at det er uverdig at trygda vert tvinga over i køen ved NAV på grunn av låge satsar.

 

Røykjelova

Kystpartiet går inn for endringar i røykjelova. Les om vårt syn på røykjelova her

 

Briller og linser  

Kystpartiet meinar at når ein treng briller eller linser, bør dette falla inn under refusjonsordningane i helsesektoren.

Kystpartiet er uroleg over den aukande pillebruken i dagens samfunn, også blant born og unge, med påfylgjande biverknadar og avhengigheit. Me ynskjer difor auka satsing på opplysningsarbeid og anna førebygging. Medisin, smertestillande preparat o.l. skal berre seljast i apotek/medisinutsal.

 

Kjønnslemlesting – omskjæring av jenter og gutar  

Kystpartiet vil ha forbod mot kjønnslemlesting/omskjering av jenter og gutar. Omsynet til barnets helse og kroppslege integritet samt prinsippet om likestilling mellom kjønna talar for at både jenter og gutar skal vernast mot omskjering av ikkje-medisinske grunnar.

 

Seniorpolitikk   

Friske eldre med arbeidslyst og arbeidsevne skal ikkje tvinges til å pensjonera seg med utgangspunkt i oppnådd alder. Kystpartiet meiner den øvre aldersgrensa for aktiv arbeidsdeltaking bør opphevast. Etter oppnådd ordinær pensjonsalder må pensjonen utbetalast uavkorta, uavhengig av anna inntekt.

 

Samordning av pensjon – uføretrygd mellom ektemakar

Kystpartiet vil ha vekk ordninga med samordning av pensjon/uføretrygd mellom ektemakar. Fram til dette er vedteke, må me samordna eigendelstaket på lækjar/ medisin.

Sist oppdatert 10.05.16

Kystpartiet er eit verdi konservativt sentrumsparti

%d bloggers like this: