Politikk generelt

Kystpartiet er eit verdikonservativt sentrumsparti som vart skipa i 1997.

Kystpartiet vart skipa som ein reaksjon mot sal av Noreg bit for bit. Det tyder i korte trekk at dei som skipa Kystpartiet, såg at norske naturressursar, nykelverksemder og industri vart selde til utanlandske interessar, og ynskte å gjera noko med dette.

Kystpartiet står for ein blandingsøkonomi, noko som tyder at det skal vera balanse mellom kva staten skal styra, og kva marknaden skal avgjera.

Kystpartiet vil melda Noreg ut or EØS og Schengen

Nokre andre viktige saker for Kystpartiet:

  • Eit oljefritt Lofoten
  • Ein restriktiv innvandringspolitikk
  • Verdige tilhøve på sjukeheimar
  • Vi vil bruka av oljefondet for å investera for framtida

Kystpartiet er eit verdi konservativt sentrumsparti

%d bloggers like this: