Flagg utanfor EU-kommisjonen

Regjeringa med H og Frp vurderar no om Noreg skal opna opp for å gje EU grensemakt og grensekontroll i Noreg, slik at det skal vera mogleg for at EU kan overstyra våre grenser.

I tillegg er samarbeidspartia til Regjeringa også JA til EU-parti og støttar det aller meste som har med EU – EØS og Schengen.

Det er ikkje noko nytt at JA til EU-partia H og Frp kjem med slike useriøse og lite gjennomtenkte uttalingar.

Problemet og utfordringa for Noreg og Det Norske Folket, er i tillegg, at det er fleire JA til EU-parti på Stortinget, slik som AP, V, Krf. H, Frp m.a. , som også røystar for det aller meste som går i EU – EØS – Schengen farvør.

Noko som innber at både Regjeringa og fleirtalet på Stortinget, gjer blanke blaffen i at det er over 70 % fleirtal i Det Norske Folket som er imot EU – EØS og Schengen.

Og det er flyktingsstraumen som EU no står ovanfor og som EU, i tillegg til alle andre problem EU slit med, gjer at EU ynskjer grensemakt over EØS landa, inkludert Noreg.

EU krev og ynskjer det meste. Noko som er negativt, utslettande, kostbart, øydelggjande for alle land som let seg lokka inn i EU – EØS – Schengen- fella.
Storbritane har forstått dette, og har no meldt seg ut av EU tvangstrøya.

Denne saka handlar om Noreg skal gjeva i frå seg suverenitets til ein EU Union, og er i strid med Grunnlova. Eit slik fastsetjing krev simpelt fleirtal. Noko som i praksis inneber at det må til 3/4 dels fleirtal i Stortinget.

Kystpartiet er imot EU – EØS og Schengen og imot at Noreg skal opna for å gje EU grensemakt og grensekontroll til EU, slik at det skal vera mogleg for at EU kan overstyra våre grenser.

Kystpartiet er også imot at Noreg skal gjeva i frå seg suverenitet til ein EU UNION. I 1905 sa Det Norske Folket ALDRI meir UNION. Folket sa då at Noreg skulle vera eit fritt og sjølvstendig land!

Kystpartiet ynskjer at Noreg framleis skal vera eit fritt og sjølvstendig land.
Noko som er ein god grunn til å vera medlem i Kystpartiet og støtta vårt arbeid for ei betre framtid.

Kjelde: Aftenposten.no

http://www.aftenposten.no/norge/Norge-apner-for-a-gi-EU-grensemakt-14039b.html

Bilete: Wikimedia Commons

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s