Skal Noreg byrja å gje i frå seg landområde til Finland no?

Erna Solberg vart intervjua på TV 2 og svara då på spørsmålet om Noreg skulle gje land i frå seg. Saka dreier seg om Noreg skal gje ein fjelltopp til Finland, og Erna Solberg svar at ho ikkje hadde heilt fastsett dette enno.

Mange vart svært overraska over at ho i det heile teke hadde tenkt å vurdera dette!

Kva tid har ein Statsminister eller ei Regjering gjeve vekk delar av Noreg eller hatt råderett til å gjera dette?

No tenker me ikkje i EU og EØS samanheng, der Erna Solberg er best i klassen til å gjera det EU vil. Det føreligg vel heller ikkje å noko fullmakt til å kunna gje vekk delar av Noreg til andre land?

Fjellet det her er tale om ligg på grensen mellom Noreg og Finland, og sjølve fjelltoppen på 1.361 meter over havet ligg på norsk side.

Fjellet Halti er det høgeste fjellet i Finland, men ligg på grensa til Noreg og ein del av dette høyrer til Noreg.

Kor går grensa for kva Regjeringa med H og Frp kan forta seg?

Under TV intervjuet kom det fram at dette framlegget kom i frå Formannskapet i Kåfjord kommune, ynskte å flytta grensa 40 meter, slik at heile fjellet havnar på finsk sida. Kåfjord kommune ville gjeva Finland dette som 100 års gåva.

Kystpartiet i Rogaland undrar seg over kva tid det har vorte praksis å gje vekk Noregs land til våre granneland?

Forslaget fra formannskapet i Kåfjord kommune vakte oppsikt da det ble kjent tidligere i år.

Erna Solberg opptrer i lite seriøs og kunnskapslaust på mange ulike arena, noko som også gjeld i denne saka. Mange fekk hakeslepp av uttalinga hennar:

«Det er noen formelle utfordringer og foreløpig har jeg ikke gjort meg opp noen mening om jeg vil støtte dette. Men vi ser på saken, sier statsministeren».
Kystpartiet i Rogaland meinar denne saka er i konflikt med Grunnlova.

Utfordringa og vår uro her er at hverken Regjeringa eller Stortinget no for tida ser ut til å bry seg noko særleg om kva som står i Grunnlova eller at dei tek omsyn til det som står der. Dei har sine heil andre reglar å fylgja, og då spelar det som står i Grunnlova ikkje så stor rolla for dei.

Grunnlova § 1: Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.
Kjelde: TV 2 – NTB – ABC Nyhetene.no

http://www.abcnyheter.no/nyheter/2016/07/25/195231237/regjeringen-vurderer-forslag-om-fjelltoppgave

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s