Noreg er rimelegare enn Dubai

Kystpartiet i Rogaland tykkjer at det er flott at Kværner flyttar heim ein stor Sverdrup-jobb.

Det er mange verksemder som har flytta ut mange store oppdrag frå Noreg til ulandet, i den tru at dette skulle svara seg økonomisk. Noko mange har brent seg på, der oppdraga både har vorte mykje dyrare, hatt dårlegare kvalitet trengt lenge tid, samt at ein har måtta gjort store utbetringar i ettertid i Noreg.

 

Les meir i artikkelen under her. Sjå meir

«Homesourcer» flere tusen tonn stålarbeid.
http://www.tu.no|Av Tore Stensvold                                                                           http://www.tu.no/artikler/norge-billigere-enn-dubai-kvaerner-flytter-hjem-stor-sverdrup-jobb/348676

71 prosent av nordmenn vil ikkje vera ein del av EU

Kystpartiet er imot EU – EØS og Schengen. Kystpartiet har også programfesta dette i partiprogrammet.

I fylgje Hegnar.no er det over 70 % Nordmenn som er imot EU og som ikkje vil ha noko med EU og gjera.

Medan andre målingar meinar at dette talet er mykje høgare.

På trass av dette vel Stortingspolitikarane å stadig snikinnføra Noreg tettare inn mot EU. Noko som er sterkt i mot folkeviljen til Det Norske Folket.

Det er trist å oppleva at både Stortingsrepresentantane og Regjeringa ikkje har respekt for Grunnlova vår. Grunnlova er laga slik at den skal verna Noreg og Det Norske Folket, slik at me skal vera eit sjølvstendig og fritt land, utan å vera tilknytta nokon Union.

Kystpartiet er imot dei udemokratiske handelsavtalane TTIP – TPP – TISA – BIT – ISDS .

Sjå meir

http://www.hegnar.no/Nyheter/Politikk/2016/06/71-prosent-av-nordmenn-vil-ikke-bli-en-del-av-EU

I høve Regjeringa, H og Frp, stadig prøver å svekke Stortinget, Grunnlova og Noregs sjølvråderett, til fordel for EU – EØS, der Regjeringa no har fastsett å overføra Finanstilsynet i Noreg til ESA – EU sitt Finanstilsyn.

Kystpartiet i Rogaland har sendt skriv 31. mai 2016  til Stortinget og Regjeringa fordi me reagerar sterkt på at Regjeringa, H og Frp, stadig prøver å svekke Stortinget, Grunnlova og Noregs sjølvråderett, til fordel for EU – EØS, der Regjeringa no har fastsett å overføra Finanstilsynet i Noreg til   ESA – EU sitt Finanstilsyn.

Regjering med H og Frp har no sagt ja til at Noreg skal avstå Norsk suverenitet og at dei ynskjer å leggja det norske Finanstilsynet under overvakings organet ESA – EU i Brussel. Regjeringa med Finansminister Siv Jensen har no levert denne saka over som hastesak til Stortinget.

Det er både direkte kunnskapslaust, useriøst, respektlaust og uforskamma av Regjeringa, når Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen påstår, at dette ikkje handlar om å avstå Norsk suverenitet. Kva handlar dette om då?

Kystpartiet har fått med seg at Finansminister Siv Jensen kom med eit varmt forsvar i Stortinget nyleg i sin tale om at H og Frp Regjeringa ynskjer å leggja norsk Finanstilsyn under overvakings- organet ESA og EU i Brussel.

Dette står i sterk kontrast til det Siv Jensen sa i juni 2014, då ho sa at Noreg ikkje skulle gjeva i frå seg Finanstilsynet, men at me framleis skulle ha kontrollen her i Noreg.

I denne saka har Regjeringa, H og Frp, i lag med støtte frå KrF, Ap og V, utruleg nok lagt opp til ei kjemperask handsaming i Stortinget av denne saka, som dei vil prøva å få gjennom ved den nye omdreininga av EØS-avtalen, noko Kystpartiet er sterkt imot.

Kystpartiet er imot at Regjeringa, stadig prøver å svekke Stortinget og Grunnlova til fordel for EU – EØS, I tillegg til at Kystpartiet er sterkt imot at Regjeringa no har fastsett å overføra Finanstilsynet i Noreg til ESA – EU sitt Finanstilsyn.

Det er også uforsvarleg og utruleg at Regjeringa, H og Frp, i lag med støtte frå KrF, Ap og V, vil ha denne viktige saka vedteken FØR sommarferien.

For oss i Kystpartiet ser det ut som om politikarane me har no fortida, bryr seg lite om landet vårt, Nordmenn, folkeviljen, sjølvråderetten, naturråderetten m.m.

Stortinget har til og med innført ein praksis med å overføra suverenitet gjennom EØS-avtalen, utan å fylgja ordlyden i Grunnlova. Dette slo også forskar Eirik Holmøyvik alt alarm om i mai 2013, utan at det ser ut til at Regjeringa har brydd seg noko særleg om dette.

Kystpartiet reagerar også på måten Regjeringa her tek seg fram på og me i Kystpartiet seier eit klart NEI til EU – EØS og Schengen, samt at me er imot å overføra sjølvråderetten og suvereniteten vår og makt til EU – EØS.

Også Europarettsekspertar reagerar negativt og ristar på hovudet, over denne lynraske Europeisering av norsk Finanstilsyn, som Regjeringa her har prøvd seg på.

Dette viser kor lite denne Regjeringa bryr seg om Det Norske Folket og folkeviljen i Noreg, som klart har sagt NEI til EU, og som også har sagt at me skal ha råderetten over vårt land og ikkje gje dette over til EU, slik Regjeringa stadig no prøver på.

Det er også oppsiktsvekkjande her, at Finanskomiteen i Stortinget seier seg villig til å bruka mindre enn fem veker på å avgjera ei av dei største overføringane av makt til EU. Mange i Stortinget verkar også oppgitte over denne korte fristen, i ei slik viktig sak for landet vårt, som denne saka er.

Dessutan vert det også respektlaust, useriøst og kunnskapslaust når Stortinget skal handsama ei så viktig sak, som det her er tale om som hastevedtak.

Dette med særleg tanke på at det er for fyrste gong sidan 1992 ein må bruka Grunnlova sin §115 som krev tre fjerdedels fleirtal, framstår dette også som heilt meiningslaust.

Dette er ei svært alvorleg sak for landet vårt og som kjem til å slå ut negativt og å få store konsekvensar for energi, telekom og data sektoren. Noko som Kystpartiet i Rogaland ser på som svært negativt for Noreg.

Også Europaretts jurist, professor Halvard Haukeland Fredriksen ved Universitetet i Bergen, uttalte at han var uroleg for dette, etter ei høyring i Finanskomité i Stortinget, som vart haldt på svært kort varsel (halvannet døgn varsel). Regjeringa har tydelegvis svært så bråhast med å både narra Det Norske Folket inn i EU, samt å gje Det Norske Stortinget lita tid til å hastehandsama ei slik viktig sak.

Av Grunnlova, §115 (tidligere § 93) går det fram fylgjande:                                                         For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremja internasjonal rett.

Noko som ikkje er dekkjande for denne saka her og som ikkje oppfylger vilkåra § 115 i Grunnlova.

Kvifor hastar det slik for Regjeringa med Høgre og Framstegpartiet å leggja Noregs Finanstilsyn under ESA – EU og Brussel?

Stortinget kan med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gjeva sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmane vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.

Det vert useriøs når Stortinget skal handsama ei så viktig sak som det her er tale om som hastevedtak. Dette med særleg tanke på at det er for fyrste gong sidan 1992 ein må bruka Grunnlova sin §115 som krev tre fjerdedels fleirtal, framstår som heilt meiningslaust. Dette er ei svært alvorleg sak for landet vårt og som kjem til å slå ut negative og å få store konsekvensar for energi, telekom og data sektoren. Noko som er svært negativt for Noreg.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg.

Grunnlova § 26.                                                                                                                                Kongen har rett til å kalle saman troppar, byrje krig til forsvar av landet og slutte fred, inngå og seie opp folkerettslege avtaler og sende og ta imot sendemenn.

Traktatar om særleg viktige saker blir fyrst bindande når Stortinget har gjeve samtykke til det. Det same gjeld alle traktatar som etter konstitusjonen ikkje kan setjast i verk utan ei ny lov eller eit nytt stortingsvedtak. (språkleg endret mai 2014).                                        

Høyringa i Stortinget dreidde seg om eit framlegg frå Regjeringen om i rekordfart å få vedteke tillating til å overføra makta over Det Norske Finanstilsynet til Brussel.                 Og Stortinget har alt starta med handsaminga av det 648 sider store dokumentet som dei fekk frå Finanskomiteen. I tillegg kalla også Finanskomiteen inn andre partar til høyring to dagar etterpå.

Det er heilt absurd, useriøst, meiningslaust og arrogant av Regjeringa (H og Frp) at Stortinget innan 13. juni – med Pinse og 17. Mai og anna arbeid inn i mellom skal ha ferdig handsama denne viktige saka.

Dette er nemleg slik fleirtalet i Finanskomiteen har sett seg føre at den største avgjeringa om overføring av suverenitet sidan EØS-avtalen vart inngått, skal vera avgjort av Stortinget i rekordfart.

Hadde det ikkje vore viktig for Stortinget å venta til hausten, slik at Stortinget kunne fått handsama denne saka godt nok? Samt at me då også ville sett resultatet med kva som skjer med ordningane i EU i dersom Brexit, britisk utmelding, som vil føra til at EU sitt største finanssentrum London City gå ut av EU systemet.

Kvifor skal då Det Norske Stortinget fatta vedtak om å tilslutta seg til EU sitt finanstilsynssystem berre snaue 2 veker før EU-avstemninga i Storbritannia skjer?

Kystpartiet ber og krev at Regjeringa, H og Frp, i lag med støtte frå KrF, Ap og V, om å kalla tilbake denne saka frå Stortinget og let denne viktige saka gå ut på folkerøysting, slik at Folket i Noreg får vera med i ein demokratisk prosess å seie kva ein meinar her.

Kystpartiet krev også at Regjeringa og Stortinget vedtek at det skal haldast ei ny folkerøysting om EU – EØS og Schengen. 

Dette med bakgrunn av at det er stor motstand mot EU – EØS og Schengen i Noreg og at Regjering og Stortinget viser stor ringakt og like respekt for Det Norske Folket og folkeviljen i Noreg.                                                                                                                

Det er respektlaust at Det Norske Folket ikkje vert høyrt i ei slik viktig sak som det her er tale om. Noko som også gjeld for mange andre saker som har å gjera med EU – EØS – Schengen og som m.a. går på sjølvråderetten, naturressursane i Noreg som politikarane sel ut bit for bit, asyl/innvandring/flyktningar, demokratiske rettar, udemokratiske handelsavtalar slik som TISA, TTIP, TPP, BIT, ISDS m.a.

Kystpartiet er også imot at politikarane i Regjeringa og i Stortinget dreg Noreg med i andre sine krigar.

Kystpartiet seier nei til deltaking i NATO operasjonar langt utanfor Atlanterhavs området, noko me ynskjer å avvikla. Me meinar at Noregs Forsvar og vår nasjonale sikkerheitspolitikk må konsentrerast om eige territorium og våre maritime interesseområder.

Kystpartiet er imot og seier klart NEI til EU – EØS og Schengen og ynksjer at Noreg skal halda fram med vår sjølvråderett og at me skal ha eit fritt og demokratisk land.

Kystpartiet er også imot at Noreg vert seld bit for bit og me ynskjer å ta vare på våre eigne ressursar sjølv.

I tillegg til at Kystpartiet ynskjer ein streng innvandringspolitikk, der ein heller kan hjelpa folk i nærområda der dei bur og har sin eigen kultur og sitt eige tankesett. Kystpartiet og er imot alle udemokratiske handselsavtalar slik som TISA, TTIP, TPP, ISDS, BIT m.a., som er med på å setja landet og demokratiet vårt i fare.

Kystpartiet reagerar også sterkt på at Regjeringa og Stortinget ikkje har den nødvendige respekten for Grunnlova og at ein har brote Grunnlova fleire gonger. Kystpartiet vil minna politikarane om at Grunnlova er til for å verna Det Norske Folket og landet vårt som eit fritt og sjølvstendig land.

Kystpartiet i Rogaland er imot at EU stadig pressar på og vil at Noreg skal innføra EU sine regler for HMS, helse, miljø og sikkerheit på Norsk sokkel

Kystpartiet i Rogaland sende 31. mai 2016 skriv til Stortinget og Regjeringa om fygjande:

I høve at EU vil at Noreg skal innføra EU sine regler for helse, miljø og sikkerheit på sokkelen. Og at EU stadig prøver med nye åtak og press for å få viljen sin her.

Heilt siden Noreg forhandla om EØS-avtalen og seinere medlemskap, har norsk sokkel vore eit stridstema i høve til at EU ynskjer å ta over meir og meir makt i Noreg.

Noreg har til no avslått alle framstøyt frå EU om å kunna få direkte innflyting over olje- og gassverksemda. Kystpartiet har no merka seg at det no pågår ein ny slik strid. 

Kystpartiet er kjent med at EU no ynskjer å innføra EU sine reglar for Helse Miljø og Sikkerheit (HMS) på Norsk Sokkel og pressar på her for å få dette gjennom. Samt at heilt siden Noreg forhandla om EØS-avtalen og seinere medlemskap, har norsk sokkel vore eit stridstema.

Til no har Noreg har stått imot alle framstøt frå EU om å kunne få direkte innflyting over olje- og gassverksemda til Noreg. Nå står en ny slik strid.

HMS Petroleumsregelverket som er eit dynamisk regelverk som heile vegen vert oppdater og endra når det treng det, har vorte til i eit trepart samarbeid mellom styresmakter, arbeidsgjevar og arbeidstakarsida. HMS regelverket er av den grunn tufta på god tryggleik innan HMS.

Det er også viktig for alle som arbeidar i Petroleumsindustrien på land og ute i havet på ulike installasjonar, at Noreg har eit godt og sikkert HMS regelverk. Noko som EU ikkje skal koma her å riva opp med rota og gjera HMS regelverket utrygt.

Faktisk er det slik at mange land ute i verda har oppdaga at Noreg har eit svært godt HMS regelverk og mange andre land har teke utgangspunkt i det norske HMS regelverk og overført dette til sitt regelverk.

 

Noreg har eit av verdas beste HMS regelverk på Norsk Sokkel og treng ikkje å få EU sine reglar tredd nedover oss. Og mange land rundt omkring i verda rosar Noreg for det gode og unike HMS Petroleumsregelverket og kompetansen landet vårt har. Mange andre land har også teke modell av dette HMS regelverket og lagt dette inn under sitt regelverk

 

Alle sentrale partar i trepartsamarebeidet som har arbeida med HMS Petolumsregelverket i mange år, og om har lagt ned mykje arbeid i dette regelverket, håpar at me ikkje har arbeida forgjevest. Dette arbeidet har mange av oss gjort på dugnad for at alle partane i Petroleums- industrien skal kunna ha eit av verdas beste regelverk på dette området. Me ynskjer heller ikkje av den grunn at EU skal øydeleggja noko som me har laga i Noreg og som er eit av verdast beste regelverk på sitt område.

Kystpartiet i Rogaland meinar at det er Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet som skal ha ansvar for å sjekke norsk sokkel og ikkje EU-kommisjonen eller ESA i Brussel.

Det same meinar partane i petroleumsverksemda; Norsk Olje og Gass, Rederiforbundet, Fagforbunda, Petroleumstilsynet, Oljedirektoratet m.fl. i oljeindustrien, og som også har gjeve si støtta til norske styremakter si avvisning av at direktivet er EØS-relevant.

Kystpartiet i Rogaland er også redd for at EUs direktiv vil føre til meir byråkrati fordi det legges opp til meir omfattande rapporterings rutinar til EU. Noko som Kystpartiet ser kan vera med på å både auke kostnadane og gje dårlegare tryggleik på norsk sokkel.

Kystpartiet er imot at EU og EØS skal innføra nye reglar eller direktiv i høve HMS på Norsk Sokkel, og er også imot generelt imot at EU/EØS/Schengen innførar reglar – direktiv ol. i Noreg.

Kystpartiet ber Stortinget og Regjeringa gå mot alle framstøyt og innspel og krav frå EU om om å kunna få direkte innflyting over olje- og gassverksemda. Noko me også ynskjer og ber om at Regjeringa og Stortinget tek omsyn til.

Kystpartiet i Rogaland sendte skriv 5. April 2016 til Stortinget og Regjeringa med krav om at dei skal bryta ut av TISA forhandlingane og gå imot denne avtalen.

Kystpartiet i Rogaland reagerar sterkt på TISA avtalen som er ein Frihandelsavtalen for tenestar, TISA (Trade in Services Agreement), og som vert forhandla fram med stor grad av hemmeleghald, med Noreg som aktiv pådrivar.

Kystpartiet i Rogaland er innforstått med at TISA avtalen mellom anna vil pressa fram konkurranseutsetjing og privatisering av offentlege tenestar på alle felt, samt at TISA avtalen vil hindra regulering av finanssektoren og undergrava personvernlovgjeving på nett.

TISA avtalen legg føringar for manglande rettar for dei svakaste i samfunnet vårt, negative fylgjer for næringslivet i Noreg, auka privatisering av statleg/delstatleg verksemd, manglande nasjonal sjølvråderett over naturressursar/verksemder/ generelle goder/ eigedom og elles anna me har opparbeida i Noreg som er goder for Det Norske Folket. Kystpartiet i Rogaland viser også til den totale ubalansen i maktforholdet mellom i-land og u-land, som TISA avtalen inneber.

TISA avtalen vert forhandla utanfor WTO-systemet, og då går ein frå et multilateralt system der ein kan forhandla i blokk til eit plurilateralt (meir enn to land, men ikkje nødvendigvis mange land) system som gjer at ein forhandlar meir stat mot stat. Noko Kystpartiet i Rogaland ser på som skadeleg og negativt for landet vårt.

Kystpartiet i Rogaland vil også minna om at dei multinasjonale selskapa prøvde å få til alle dei vilkåra som det no vert forhandla om i TISA gjennom Doha-runden i WTO. Problemet var då berre at utviklingslanda kravde opning for landbruksvarer til gjengjeld. Noko i-landa ikkje var interesserte i, og då stoppa dette opp av seg sjølv. Denne typen stopp-mekanisme finn ein ikkje i TISA-forhandlingane.

Kystpartiet meinar også at dersom styresmaktene vurderar å inngå ein TISA avtalen, burde denne avtalen fyrst ha vorte lagt fram for folket i Noreg i ein folkerøysting, på lik linje med folkerøystinga om Noreg skulle verta medlem i EU.

Kystpartiet i Rogaland er imot TISA avtalen og TISA forhandlingane og ynskjer at Noreg går ut av desse forhandlingane. Kystpartiet er innforstått og klar over at det ikkje har nokon negative konsekvensar å gå ut av desse forhandlingane. Hausten 2015 trakk både Uruguay og Paraguay seg ut av TISA-forhandlingane. Det same bør og må også Noreg gjera.

Kystpartiet i Rogaland ber om at dette skrivet vert delt til alle som står oppført i dette skrivet, i og med at TISA avtalen grip inn og gjeld på svært mange ulike områder.     (Skrivet gjekk til Regjeringa; Statsrådar og departement.                                                       Stortinget; Alle Stortingsrepresentantane,  St. Komiteane og alle politikse partia på Stortinget)

Stortingssalen sett utover talarstolen 140_stortingssalen

 

Kystpartiet i Rogaland sende krav til Stortinget og Regjeringa om folkerøysting om EU – EØS – Schengen den 29. Mai 2016

Kystpartiet i Rogaland ber om at det omgåande vert halde folkerøysting i høve:

1. 
Noreg skal ut av alt EU – EØS – Schengen samarbeidet.

2.
Skal Finanstilsynet i Noreg overførast til ESA – EU sitt Finanstilsyn, der Noreg avstår for Norsk suverenitet og mistar sjølvrådetrett og som får store negative konsekvensar for energi, telekom og data sektoren m.a.?

Kystpartiet er imot og seier eit klart NEI til EU – EØS og Schengen, og me krev at Noreg går ut av alt samarbeidet med EU –EØS og Schengen.

Kystpartiet ynskjer at Noreg skal vera eit fritt og sjølvstendig land, som skal ta vare på vår eigne naturressursar og Det Norske Folket.

Kystpartiet er imot og at Finanstilsynet i Noreg skal overførast til ESA – EU sitt Finanstilsyn, der Noreg avstår for Norsk suverenitet og mistar sjølvråderetten.

Kystpartiet i Rogaland krev at det vert halde folkerøysting omgåande, slik at Det Norske Folket kan få seia si meining i desse viktige sakene som har med EU – EØS og Schengen.

Me ber om at flest mogleg melder seg inn i Kystpartiet og er med å støttar oss i arbeidet vårt.

 

Les meir i Kystpartiet sitt program: http://kystpartiet.no/index.php/home

Twitter; https://twitter.com/KystpartietR

Heimesider: https://kystpartietrogaland.net/

Fjesbok/Facebook; https://www.facebook.com/Kystpartiet-i-Rogaland-5100701125…/

https://wordpress.com/stats/insights/kystpartietrogaland.net

Det kostar kr. 240 i året ( kr.120 for ungdom) å vera medlem i Kystpartiet.

Bankgiro:4740.12.68320 (hugs namn, adressa, e-post, fødselsdato, og evt. andre opplysningar, som du og kan senda på e-post) Får du problem med innmelding i nettbanken, må du kanskje oppgje namnet til leiaren i Kystpartiet Bengt Stabrun Johansen.

Kystpartiet er eit verdi konservativt sentrumsparti