Utanriks/EU/EØS – TISA/TTIP/TPP

Frå Kystpartiets Stortingsvalprogram:

Internasjonalt samarbeid bør baseres på et likeverdig samarbeid mellom selvstendige og folkestyrte nasjonalstater som har kontroll over egne naturressurser og nøkkelbedrifter. Norge bør arbeide for å endre prinsippene for handel i Verdens Handelsorganisasjon. Medlemsstatene bør ha mulighet til å beskytte sin matproduksjon og sikre kontrollen over sine naturressurser.

Ei av fanesakene til Kystpartiet er å melda Noreg ut or EU og seie opp EØS-avtalen som avgrensar Noregs politiske handlefridom i stor mon, noko Kystpartiet peikar på i denne artikkelen.

Vi kan òg tilrå lesarane å gå inn på Kunnskapsbanken til Nei til EU på. Her finn ein nyttig bakgrunnsstoff om EØS-avtalen.

Kystpartiet vil melda Noreg ut or  EU – EØS – Schengen. Dette standpunktet kan du lesa om i denne bloggposten.

Kystpartiet har teke standpunkt mot TISA.

Kystpartiet i Rogaland sende skriv  den 5. april 2016 til Stortinget,  Stortingsrepresentantane i ulike politiske parti, politiske partia på Stortinget og Regjeringa, Utanriks og Forsvarskomiteen om å bryta ut av TISA forhandlingane og gå imot denne avtalen.

Kystpartiet i Rogaland reagerar sterkt på TISA avtalen som er ein Frihandelsavtalen for tenestar, TISA (Trade in Services Agreement), og som vert forhandla fram med stor grad av hemmeleghald, med Noreg som aktiv pådrivar. Kystpartiet i Rogaland er innforstått med at TISA avtalen mellom anna vil pressa fram konkurranseutsetjing og privatisering av offentlege tenestar på alle felt, samt at TISA avtalen vil hindra regulering av finanssektoren og undergrava personvernlovgjeving på nett.

TISA avtalen legg føringar for manglande rettar for dei svakaste i samfunnet vårt, negative fylgjer for næringslivet i Noreg, auka privatisering av statleg/delstatleg verksemd, manglande nasjonal sjølvråderett over naturressursar/verksemder/ generelle goder/ eigedom og elles anna me har opparbeida i Noreg som er goder for Det Norske Folket. Kystpartiet i Rogaland viser også til den totale ubalansen i maktforholdet mellom i-land og u-land, som TISA avtalen inneber.

TISA avtalen vert forhandla utanfor WTO-systemet, og då går ein frå et multilateralt system der ein kan forhandla i blokk til eit plurilateralt (meir enn to land, men ikkje nødvendigvis mange land) system som gjer at ein forhandlar meir stat mot stat. Noko Kystpartiet i Rogaland ser på som skadeleg og negativt for landet vårt.

Kystpartiet i Rogaland vil også minna om at dei multinasjonale selskapa prøvde å få til alle dei vilkåra som det no vert forhandla om i TISA gjennom Doha-runden i WTO. Problemet var då berre at utviklingslanda kravde opning for landbruksvarer til gjengjeld. Noko i-landa ikkje var interesserte i, og då stoppa dette opp av seg sjølv. Denne typen stopp-mekanisme finn ein ikkje i TISA-forhandlingane.

Kystpartiet meinar også at dersom styresmaktene vurderar å inngå ein TISA avtalen, burde denne avtalen fyrst ha vorte lagt fram for folket i Noreg i ein folkerøysting, på lik linje med folkerøystinga om Noreg skulle verta medlem i EU.

Kystpartiet i Rogaland er imot TISA avtalen og TISA forhandlingane og ynskjer at Noreg går ut av desse forhandlingane. Kystpartiet er innforstått og klar over at det ikkje har nokon negative konsekvensar å gå ut av desse forhandlingane. Hausten 2015 trakk både Uruguay og Paraguay seg ut av TISA-forhandlingane. Det same bør og må også Noreg gjera.

 

 

 

 

Sist endra 01.06.16.

Kystpartiet er eit verdi konservativt sentrumsparti

%d bloggers like this: